Personvernerklæring
Me tar ditt personvern alvorleg og har difor ei personvernerklæring. Her kan du lese korleis me handterer personopplysingar og korleis du kan komme i kontakt med oss.
Vår nettadresse er synleg.no og det er dagleg leiar som er ansvarleg redaktør for internettsida. Databehandlaravtalar regulerer ansvarsområde mellom oss og våre aktuelle leverandørar. Internettsida vår blir drifta av oss sjølv.
Innsamling av webstatistikk
Me hentar inn avidentifiserbare opplysningar om besøkande på nettsida. Det vil seie at opplysningane vert anonymisert, slik at me ikkje kan spore kva personar som har vore inne på sida. Formålet er å utarbeida statistikk som me brukar for å forbetra kvaliteten på nettsida vår og dei digitale tenestene våre.
Som verktøy brukar me Google Analytics. Eksempel på kva statistikken gjer svar på er: kor mange som les dei ulike sidene våre, kva nettlesarar dei brukar, om du besøkjer sida med mobil eller PC, og korleis du kom til sida vår (t.d. frå lenkje på sosiale media, direkte innskriving av adresse eller via ein søkemotor). Dersom du ikkje vil dele slike data kan du bruke eit tillegg i nettlesaren din: https://tools.google.com/dlpage/gaoptout/. Du kan lese meir om Google Analytics på https://support.google.com/analytics/answer/2838718?hl=no&ref_topic=2919631. Me nyttar standard-innstillingar, noko som betyr at IP-adressa di blir lagra hos Google, men at den ikkje er tilgjengeleg for oss. Me har integrert Google AdWords i sida vår og får rapport på demografi og interessefelt som brukarane våre har. Dette gjer at me kan gje brukarane meir relevant informasjon og annonser.
Informasjonskapslar (cookies)
Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lasta ned til din datamaskin når du vitjar ei nettside. Disse blir brukt for å gje deg ei betre brukaroppleving, og for å samla inn statistikk. Her er ei oversikt over dei som me nyttar:
Statistikk-kapslar:
_ga, _gat, _gid og _gadwp,
Kapslar som er knytt til Google Analytics. Dei vert brukt for å skilja mellom brukarar, lagar kopling mellom nettsida og Google Analytics, sjekka forespørselsrate og kva sider som vert besøkt. Den sender IP-adresse til Google ved bruk av standardinstillingar.
Les meir om detaljane på Google sine sider.
Advarsels-kapsel:
viewed_cookie_policy
Informasjonskapseladvarsel. Gjer slik at du slepp å sjå advarselen i botnen, når du har klikka den bort.
Tryggleiks-kapslar:
wfwaf-authcookie-(hash), wf_loginalerted_(hash), wfCBLBypass
Kapslane tryggjer sida. Det blir sett opp ein brannmur som hindrar uautorisert innlogging og gjentatte innloggingsforsøk. Les meir om detaljane på Wordfence sine sider.
Sikker nettstad
Me brukar SSL-kryptering og Wordfence for å sikra oss betre mot hacking og avlytting. HTTPS gjer at kommunikasjonen mellom nettlesaren i din datamaskin/mobile eining og serveren som driv nettstaden er sikker.
Kor lenge me oppbevarer data
Når det gjeld statistikkformål, så brukar me standardinnstillingane til Google, og der vert informasjonen lagra i maksimalt 26 månadar. Anna informasjon og korrespondanse vert lagra jamfør gjeldande lovverk.
Elektroniske skjema og digitale tenester
Når du fyller ut digitale skjema eller nyttar deg av innlogga tenester vil dine personopplysningar (for eksempel namn eller telefonnummer) bli sendt til oss via e-post.
Opplysningane vil vera tilgjengelege for saksbehandlarar hos oss, og vert nytta til det opphavlege formålet til saka. Avslutta saker kan bli gjort tilgjengeleg i vårt elektroniske arkiv.
Meldingar som blir sendt direkte som e-post, er ikkje kryptert i sendinga. Me oppmodar deg derfor om ikkje å senda teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysingar via e-post.
Kontaktinformasjon
Post- og besøksadresse: Hollundsdalen 61, 5430 Bremnes
Tlf. dagtid: 990 90 660
E-post: post@synleg.no